Paul Weller
Paul Weller (fødd 25. mai 1958) er ein engelsk songar og låtskrivar.
Paul Weller | |||
Paul Weller på scenen i 2009 | |||
Fødd | 25. mai 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Woking, Surrey, England | ||
Fødenamn | John William Weller | ||
Alias | The Modfather | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1976–1989 1991 til i dag | ||
Sjanger | Rock, poprock, punkrock, mod revival, New Wave | ||
Instrument | Gitar, vokal, piano, bassgitar, munnspel | ||
Kjende instrument | Rickenbacker 330 Gibson SG Epiphone Casino Fender Telecaster Gibson J-160E | ||
Tilknytte artistar | The Jam, The Style Council, Smokin' Mojo Filters, Ocean Colour Scene, Oasis, Graham Coxon, The Moons | ||
Plateselskap | Polydor, Island | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, musikar, diktar | ||
Gift med | Dee C. Lee | ||
Prisar | MOJO Awards |
Musikar
endreHan starta i bandet The Jam (1976–1982) og drog seinare i ein meir soul-aktig retning med The Style Council (1983–1989). I 1991 starta han ein karriere som suksessrik soloartist,[1] og er i dag ein respektert songar, tekstforfattar og gitarist.[2]
Trass i mykje ros frå kritikarane, har Weller vore langt meir kjend i heimlandet enn internasjonalt, og mykje av låtskrivinga hans har røter i engelsk kultur. Han var ein viktig person i mod revival-rørsla i 1970- og 1980-åra og vart ofte omtalt som the Modfather.[3]
Skodespelar
endreWeller debuterte som skodespelar i ein av birollane i spelefilmen Blitz (2024), og fekk rosande omtale for sin innsats i filmen.[4][5][6]
Diskografi
endre- Studioalbum
- Paul Weller (1992)
- Wild Wood (1993)
- Stanley Road (1995)
- Heavy Soul (1997)
- Heliocentric (2000)
- Illumination (2002)
- Studio 150 (2004)
- As Is Now (2005)
- 22 Dreams (2008)
- Wake Up the Nation (2010)
- Sonik Kicks (2012)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Weller» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Desert Island Discs with Paul Weller». Desert Island Discs. 16 desember 2007. BBC. Radio 4.
- ↑ «Paul Weller wins Best Male Solo Artist at the 2009 BRIT Awards».
- ↑ «The modfather returns». The Times (London). 2 september 2007.
- ↑ Lismoen, Kjetil (27. november 2024), ««Blitz» gir et annet blikk på andre verdenskrig», Vink fra Aftenposten (på norsk), henta 27. november 2024, «Et annet funn er rockelegenden Paul Weller i rollen som bestefaren. Han har få replikker, men et uvanlig talende ansikt. Som mange har påpekt, er dette McQueens mest konvensjonelle film på lenge. Men går man den nærmere etter i sømmene, så er den en uvanlig krigsfilm.»
- ↑ Ellen, Barbara (13. oktober 2024). «Changingman Paul Weller reinvents himself again… as an actor in Steve McQueen’s Blitz». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ Pilley, Max (8. oktober 2024), «Steve McQueen reveals how he persuaded Paul Weller to act in 'Blitz': "He was doubtful, but trusted me"», NME (på engelsk), henta 27. november 2024