Paula er ei kvinneleg form av mannsnamnet Paulus, som tyder 'den vesle'. Pauline og Paulina er andre former.

Sjølvportrett av målaren Paula Modersohn-Becker frå 1907.

Paula har namnedag den 22. mars i Noreg og den 22. juni i Sverige.

Bruk endre

Namnet er særleg utbreidd i sørlege romansk-språklege land, som Italia, Spania og Latin-Amerika. Frå 2002 til 2005 var det det tredje mest gjevne førenamnet i Spania. I USA var det særleg populært på midten av 1900-talet, med ein topp i 1950-åra.[1]

Paula har vore brukt i Skandinavia sidan 1700-talet. I Noreg blei det gjeve til 0,15 % eller fleire av alle nyfødde jenter frå 1900 til 1920. Deretter gjekk det gradvis nedover med bruken. Det er i dag om lag 900 norske kvinner som har Paula som førenamn (2007).[2]

I kulturen endre

Paula er namnet på ein roman frå 1995 av Isabel Allende, tileigna den avdøde dottera Paula Allende.

Dona Paula er namnet på eit strandområde i Goa i India. Staden er kalla opp etter Dona Paula de Menezes, dottera av den portugisiske visekongen som i følgje soga skal ha teke livet av seg her.

Kjende namneberarar endre

Bakgrunnsstoff endre


Fotnotar endre