Paulet Island
Paulet Island er ei sirkelforma øy med ein diameter på kring 1,5 km som ligg 5 km søraust for Dundee Island, utanfor nordaustenden av Den antarktiske halvøya. Ho består av lavastraumar dekte av ei sinderkjegle med eit lite krater på toppen. Geotermisk varme held delar av øya isfri og den unge morfologien til vulkanen indikerer at han har vore aktiv i løpet av dei siste 1 000 år.[1] Paulet Island vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon (1839–1843) under James Clark Ross og vart namngjeven av han etter kaptein Lord George Paulet i Royal Navy.
Paulet Island | |||
øy | |||
Paulet Island, desember 2004
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Joinville-øyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 63°35′S 55°47′W / 63.583°S 55.783°W | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 353 moh. | ||
Lengd | 1,5 km | ||
Areal | 3,2 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Vulkantype | Sinderkjegle[1] | ||
Siste utbrot | Ukjend | ||
Paulet Island 63°35′00″S 55°47′00″W / 63.583333333333°S 55.783333333333°W | |||
Kart over Graham Land, Paulet Island er vist son nr. 10
| |||
Wikimedia Commons: Paulet Island | |||
[1] |
I 1903 under Den svenske antarktiskekspedisjonen leia av Otto Nordenskiöld vart skipet hans «Antarctic» knust av isen utanfor øya.
På Paulet Island er det over 200 000 adeliepingvinar, og vert mykje vitja av turistar.
Galleri
endre-
Paulet Island (februar 2007)
-
Adeliepingvinkoloni på Paulet Island
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paulet Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bibliografi
endre- Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, pp. 152–159.
- Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, pp. 69, 72.
- Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 302.
- Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p 752.
- U.S. National Science Foundation, Geographic Names of the Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980,
- LeMasurier, W.E.; Thomson, J.W., red. (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512. ISBN 0-87590-172-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Meir informasjon om Paulet Island Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Bilete av Paulet Island med tusenvis av pingvinar Arkivert 2015-05-12 ved Wayback Machine.
- Eit anna bilete Paulet Island Arkivert 2005-09-11 ved Wayback Machine.
- Paulet Island med mange bilete