Pauliina Feodoroff
Pauliina Feodoroff (fødd i 1977 i Enare) er ein skoltesamisk kunstnar, regissør og manusforfattar frå Finland med røter frå russisk side av grensa. Ho er også ein aktiv forkjempar for samisk kultur og samiske rettar.[1] Frå 2007 til 2008 var ho leiar av Samerådet.[2][3]
Pauliina Feodoroff | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 1977 (47 år) Inari |
Yrke | filmregissør, skribent, sceneinstruktør, manusforfattar, miljøvernar, menneskerettsaktivist |
Språk | finsk, skoltesamisk, nordsamisk |
Partnar | Milja Sarkola |
Feodoroff blei fødd i Keväjäu’rr i Finland. Familien hennar var opphavleg reindriftsamar ved Suõ’nnjel på Kolahalvøya i Russland, men måtte flytta då grensa blei stengd i 1944.[4]
Ho tok mastergrad i teaterregi og dramaturgi ved Helsinki Theatre Academy i 2002. Ho har vore kunstnarisk leiar ved Takomo teateret og Rospuutto Theatre Group i Helsinki. Ved teaterfestivalen Baltic Circle Helsinki i 2017 var ho kurator for programmet ̒Vuosttaš álbmogat/First Nations.[4] I 2022 var ho representert i den nordiske paviljongen ved Venezia-biennalen, som dette året var ein samisk paviljong.[5]
Pauliina Feodoroff har mellom anna tatt for seg spørsmål kring reindrift og økologisk mangfald i møte med industrialisering og modernisering, som avskoging av finske skogar og gruvedrift i den russiske delen av Sameland.[4]
Filmografi
endre- 2003 Saamen kadonnut maa
- 2006 Viimeinen joiku Saamenmaan metsissä?
- 2007 Kiurrels
- 2007 Sevetin tytöt
- 2008 Non Profit
- 2016 Sparrooabbán
Teaterstykke
endre- 2017 CO2lonialNATION, Giron Sámi Teáhter
Kjelder
endre- ↑ Grønvik, Yngve (14. juni 2017). «– Et rom fylt med bevis på at vi finnes». Sør-Varanger Avis.
- ↑ Balto, Piera; Saijets, Maria (13.7.2007). «Riššaluoitin fuolastuhttá» (på nordsamisk). NRK Sápmi. Henta 12.11.2021.
- ↑ «Sámiráđi evttohas válljejuvvui Bissovaš forumii» (på nordsamisk). NSR. 25.4.2007. Henta 12.11.2021.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Pauliina Feodoroff», Office for Contemporary Art Norway (på norsk bokmål), henta 9. mai 2022
- ↑ «The Sámi Pavilion», Office for Contemporary Art Norway (på engelsk), henta 9. mai 2022