Skoltesamar, berre skoltar eller austsamar er ein samisk minoritet busett i grensetraktene mellom Russland, Finland og Noreg (Neiden). Dei fleste skoltesamane er busett i og omkring tettstadane Sevettijärvi, Keväjärvi, Nellim i Inari kommune i Finland og i Neiden i Sør-Varanger kommune i Noreg. Skoltane vert rekna som urinnbyggjarar på Kolahalvøya og høyrer til den austlege gruppa med samar, sett ut frå språket (skoltesamisk/austsamisk) og tradisjonane deira. Det finst om lag 700 skoltesamar, der omkring 400 kan snakke skoltesamisk.

Jenter i skoltesamiske drakter i Trondheim i samband med den samiske nasjonaldagen 2017.
Teikning av russiske skoltesamar frå 1871.

Skoltesamane er hovudsakleg russisk-ortodokse, og har St. Georgs kapell i Neiden som ein viktig kultplass. Den heilage Trifon skal ha omvend dei til kristendommen på 1500-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skoltesamar