Pauline
kvinnenamn
(Omdirigert frå Paulina)
Pauline er eit opphavleg fransk kvinnenamn danna av det romerske slektsnamnet Paulinus som igjen var danna av namnet Paulus som betyr 'liten'. Paul er ei mannleg form av namna, medan Paulina og Paula er nærskylde kvinnenamn.
På norsk blir namnet gjerne uttalt med tre stavingar, medan det på fransk og engelsk blir uttalt meir som pålin.
Namneberarar
endre- Pauline av Württemberg (1800–1873)
- Pauline av Württemberg (1810–1856), prinsesse av Württemberg
- Pauline Johnson (1861–1913), kanadisk forfattar
- Pauline Hall (1890-1969), norsk musikar og komponist
- Pauline Kael (1919–2001), amerikansk filmkritikar
- Pauline Oliveros (f. 1932), amerikansk musikar
- Pauline Gedge (f. 1945), newzealandsk forfattar
- Julia Pauline Boracco Braaten (f. 1991), norsk skodespelar
- Pauline Taylor, britisk songar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pauline» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2009.