Paweł Wojciechowski

Paweł Wojciechowski (fødd 6. juni 1989) er ein polsk friidrettsutøvar frå Bydgoszcz som tevlar i stavhopp. Han vart verdsmeister i øvinga i 2011 og tok sølvmedaljen i friidretts-EM 2014.

Paweł Wojciechowski


Statsborgarskap Polen
Fødd 6. juni 1989 (34 år)
Bydgoszcz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Medaljen for fortjenester av landets forsvar i gull, Medalje for 100-årsjubileet for å gjenvinne uavhengighet

Aktiv endre

Wojciechowski hadde stor framgang gjennom 2011-sesongen. Innandørs svinga han seg over 5,86 m i belgiske Gent, og om sommaren vann han stavhopp i den europeiske ungdomsmeisterskapen i Ostrava med ny personleg rekord (utandørs) på 5,70 m. Den 15. august sette han polsk rekord då han i Szczecin tok seg over 5,91 m. To veker seinare overraska han stort og vann gullmedaljen då VM-finalen i stavhopp fann stad i Daegu, berre to dagar etter at han ikkje klarte kvalifiseringsgrensa 5,65 m, men likevel fekk finaleplass.

I Sommar-OL 2012 rauk Wojciechowski ut or stavtevlinga då han ikkje makta kvalifiseringskravet. Han deltok ikkje i Moskva-VM 2013, men lukkast vinne EM-sølv på moderate 5,70 m under EM i friidrett 2014 i Zürich.

Kjelder endre