Peacock Sound

Peacock Sound er eit isfyllt sund, 216 km langt og 64 km breitt, mellom Thurston Island og Eights Coast i Ellsworth Land i Antarktis. Sundet er dekt av den vestlege delen av Abbot isbrem, og derfor ikkje farbart for skip.

Peacock Sound
sund
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°47′S 99°05′W
Lengd 216 km
Administrert under Antarktistraktaten

Peacock Sound
72°46′60″ S 99°4′60″ W
Peacock Sound is located in Antarktis
Peacock Sound (Antarktis)

Sundet vart oppdaga av medlemmar av USAS på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940, og vart vidare skissert frå flyfoto teken under US Navy Operasjon Highjump i desember 1946. I februar 1960 vart det oppdaga at sundet gjekk parallelt til heile sørkysten av Thurston Island, og fekk slik stadfesta at Thurston var ei øy. Sundet er kalla opp etter sluppen «Peacock» med kaptein William L. Hudson, som i lag med «Flying Fish» under løytnant William M. Walker, begge frå USEE, 1838-42, segla langs kanten av pakkis nord for Thurston Island i fleire dagar i mars 1839.

KjelderEndra