Peder Balke (4. november 180415. februar 1887) var ein norsk kunstmålar. Han laga landskapsmåleri med dramatiske motiv og ein avgrensa fargeskala som gjorde at han er blitt sett på som ein av dei beste norske landskapsmålarane frå 1800-talet.

Peder Balke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. november 1804
Helgøya i Mjøsa
Død

5. februar 1887 (82 år)
Christiania

Yrke kunstmålar, biletkunstnar, litograf
Born Georg Balke
Peder Balke på Commons

Balke var fødd som husmannsgutHelgøya, men kom i 1820-åra til garden Vester-Balke på Toten, der han blei sett på som ein son og tok etternamnet Balke.

Balke døydde i Kristiania i 1887.

Kunstnarkarriere endre

Balke begynte som sjølvlært bygdemålar, men fekk seinare utdanning ved Tegneskolen i Christiania (1827), på akademiet i Stockholm (1829-1833) og i Dresden (1836). Bønder på Toten betalte for utdanninga hans, og som takk måla han salane på gardane deira. Peder Balke var elev av J. C. Dahl frå 1843 til 1844. Han reiste også til Paris og Russland.

Peder Balke er representert i Nasjonalgalleriet med 14 bilete. Måleriet Fyr på den norske kyst, hans mest kjende, var hovedmotivet på baksida av dei norske tusenkronersetlane frå 1975 til 1981. Biletet blei tidlegare kalla Vardø fyr, men stemmer ikkje med kysten av Vardø, som heller ikkje hadde oko fyr i 1855, då biletet blei til. Dette mistilhøvet mellom røynda og kunstverket til Balke er eit uttrykk for at haldninga hans til naturskildringar var meir romantisk enn dokumentarisk.

Sosiale spørsmål endre

Kunstnaren Balke var også samfunnsoppteken. Han tok opp spørsmålet om kunstnarstipend i 1842, og var ein av dei første i Noreg som tok opp spørsmålet om pensjon, i 1851.

Boligstrøket Balkeby (eller Kunstnerlund) på Majorstua i Oslo blei oppretta etter at Balke kjøpte jord frå garden Nedre Blindern, som han delte opp til bustadtomter, i 1856.

Galleri endre

Kjelder endre