Peder Christian Holst

norsk politikar

Peder Christian Holst (27. april 179814. desember 1873) var ein norsk offiser, næringsdrivar og stortingsmann frå Trondheim.

Peder Christian Holst
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. april 1798
Trondheim
Død

14. desember 1873 (75 år)
Moss kommune

Yrke politikar, direktør, offiser, forretningsdrivande
Språk norsk

Holst var son til ein skulemann. Sjølv var han offiser i trondhjemske infanteriregiment frå 1816 og i artilleribrigaden frå 1821. Han vart forfremja til premierløytnant i artilleriet i 1829 og kaptein i 1837. Frå 1842 til 1854 var han direktør for Kongsberg Våpenfabrikk.

Holst representerte Smaalenenes amtStortinget i 1839 og 1842, og bykrinsen Kongsberg i 1848 og 1851. Han var 1839 medlem i Militærkomiteen, 1842, 1848 og 1851 i Protokollkomiteen, samt i 1842 i komiteen om embetsgardane, i 1848 i Adressekomiteen og 1851 i Valkomiteen. På tingsamlinga i 1848 var han også sekretær i komiteen om vernepliktslova.

Holst var ordførar i Kongsberg i 1847 og 1849–1850. Han døydde i Moss, 75 år gammal.

Kjelder endre