Kongsberg Gruppen
Kongsberg Gruppen ASA (OSE: KOG) er eit norsk selskap som utviklar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar i 24 forskjellige land. Selskapet har til saman rundt 6000 tilsette. Av desse er om lag 4000 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongsberg.
Kongsberg Gruppen | |
![]() | |
Selskapsform | allmennaksjeselskap ![]() |
---|---|
Org.nr. | 943 753 709 |
Skipa | 1814 |
Dotterselskap | Kongsberg Maritime, Kongsberg Defence & Aerospace, Kongsberg Digital, Kongsberg Oil & Gas Technologies ![]() |
Eigar | Nærings- og fiskeridepartementet, Arendals Fossekompani, Folketrygdfondet ![]() |
Bransje | petroleumsverksemd, våpenindustri, romteknologi, Maritim |
Land | Noreg ![]() |
Hovudkontor | Kongsberg kommune ![]() |
Styreleiar | Eivind Reiten |
KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.
HistorieEndra
KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.
I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Kanada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.
I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).
I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart, på trass av at det strir mot norske orddelingsreglar, endra til Kongsberg Gruppen ASA.