Peder Eriksson Borgen

Peder Eriksson Borgen (20. januar 179321. april 1874) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Verdal i Nord-Trøndelag.

Peder Eriksson Borgen
Fødd30. januar 1793
Verdal
Død21. april 1874 (81 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
Alle verv

Far hans var gardbrukar på Tryggstad i Verdal. Sjølv var han skulehaldar i tolv år. I 1824 kjøpte han garden Borgen i heimbygda og var gardbrukar der i lang tid. Han var medlem av heradsstyret, forlikskommissær 1848-65, sparebankdirektør og hadde fleire andre kommunale verv.

Borgen var 3. representant på Stortinget 1836 og omframstortinget 1836-37 frå Nordre Trondhjems amt. Han var medlem av næringskomiteen.

Han døydde på garden sin i Verdal i 1874.

Kjelder

endre