Peder Næsheim
Peder Næsheim (7. oktober 1925–25. november 1969) var ein norsk journalist frå Stavanger som representerte Rogaland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1965 til han døydde.
Peder Næsheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1925 Stavanger kommune |
Død |
25. november 1969 (44 år) |
Yrke | politikar, redaktør, journalist |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Næsheim var som til ein grosserar. Han tok eksamen ved Stavanger handelsgymnas i 1945 og arbeidde som bladfyk i avisa 1ste Mai åra 1946-49. Der etter var han redaktør 1949-51 i Hardanger Folkeblad i Odda og 1951-53 i Romsdal Folkeblad i Molde. Sidan arbeidde han atter i 1ste Mai/Rogalands Avis, der han var redaktør 1955-65.
Frå 1956 til 1967 var Næsheim medlem i bystyret i Stavanger, dei fire fyrste åra med sete i formannskapet. Perioden 1956-63 var han formann i den kommunale arbeids- og tiltaksnemnda i byen og 1958-61 formann i byplanrådet. Hausten 1965 vart Næsheim vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Rogaland, medlem i Finanskomiteen. Fire år seinare vart han attvald, men døydde allereie sju veker etter Stortinget var opna i oktober 1969.