Peder Næsset

norsk politikar

Peder Pedersson Næsset (23. mars 186312. januar 1954) var ein fiskar, gardbrukar og politikar frå Ørland. Han var ordførar i Ørland herad 1917-28 og stortingsrepresentant 1928–30.

Peder Næsset

Næsset dreiv fiske i tida 1881–96, deltok denne perioden årleg i lofotfisket. I 1896 overtok han farsgarden. Frå 1899 hadde plass heradsstyret til og med 1928, varaordførar 1911–16 og ordførar 1917-28. Jamsides var han i fleire år medlem i forliksråd, fylkesskulestyret og 1907-43 i Fosen fiskeristyre. Han var leiar av forstandarskapet i Ørland Sparebank 1904–07, styremedlem i banken 1908–41, styreformann dei siste sju åra.

Næsset representerte valkrinsen Sør-TrøndelagStortinget i treårsbolken 1928–30, vald for Bondepartiet. På Tinget var medlem i Kyrkje- og skulekomiteen.

Den 27. mai vart Næsset og sonen Kåre arrestert av Gestapo under ein razzia. Grunna sin høge alder vart han sett fri, sonen sat fengsla til mai 1945.

Anders N. Næsset var tremenningen hans.

Kjelder endre