Peder Ottesen

norsk politikar

Peder Martin Ottesen (17. september 178318. mars 1852) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Peder Ottesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. september 1783
Høyland
Død

18. mars 1852 (68 år)

Yrke dommar, politikar
Språk norsk

Ottesen var fødd på Høyland prestgard. Han vart student i 1804 og cand. jur. i 1807. 1807-10 var han byråsjef i den norske regjeringskommisjonen, kansellisekretær i 1811. I 1813 vart han sorenskrivar i Inderøy, og i 1818 assessor i Akershus stiftsoverrett. 1826-28 var han amtmann i Stavanger amt, deretter borgarmeister i Kristiania frå 1828. I 1836 vart han assessor i høgsterett, og var såleis medlem av riksretten både i 1836 og i 1845.

Ottesen var 1. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1818. Han var visesekretær i Lagtinget og medlem av 17 komitear. I ein av komiteane var han formann, sekretær i fire andre. Han var formann i komiteen om søndagsfiskje, sekretær i mellom anna komiteen om seminar og lærarløner og i komiteen om geistlege embetsmenns løn.

Han døydde i Kristiania i 1852.

Kjelder endre