Opna hovudmenyen

Peder Paulsen Balke

soldat, gardbrukar og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Peder Paulsen Balke (4. mai 17796. september 1840) var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Østre Toten.

Peder Paulsen Balke
Fødd 4. mai 1779

Balke i Østre Toten

Død 6. september 1840 (61 år)
Balke i Østre Toten
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Korporal og storbonde
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Søndenfjeldske Dragon-Regiment

Balke vart dragon i sønnafjelske dragonregiment i 1801, korporal frå 1808 til 1814. Han vart i 1808 utkommandert til Kongsberg og deltok i 1814 i felttoget mot den svenske invasjonsstyrken.

I 1814 var han utsending frå regimentet sitt til riksforsamlingaEidsvoll. Balke stemte med sjølvstendepartiet, men tok sjølv aldri ordet.

Balke overtok farsgarden Østre Balke på Østre Toten i 1813 og dreiv denne til han døydde i 1840.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra