Peder Valentin Rosenkilde (6. august 177210. juni 1836) var ein kjøpmann, reiar, stadshauptmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Stavanger.

Peder Rosenkilde
Peder Valentin Rosenkilde.jpg
Peder Valentin Rosenkilde måla av Christian Olsen i 1855
Fødd 6. august 1772
Stavanger kommune
Død

10. juni 1836

Yrke politikar
Peder Rosenkilde på Commons

Rosenkilde var son av ein kjøpmann i Stavanger. I yngre år gjekk han i handelslære i Hamburg. Seinare overtok han handelshuset Rosenkilde etter faren. Han var elles stadskaptein og sjef for borgarvæpninga i Stavanger.

Rosenkilde satsa i første omgang på handel med korn og salt, etter kvart kom skipsfart til å verte sentralt i verksemda hans. Han skaffa seg ei rekke fartøy, og eigde eit skipsverft i Østre Havn.

I 1812 reiv Rosenkilde den gamle kjøpmannsgården i Nedre Strandgate for å bygge nytt. Då dagens Rosenkildehus stod ferdig eit drygt år etter, vart det taksert høgre enn domkyrkja i Stavanger.

Rosenkilde møtte på riksforsamlingaEidsvoll i 1814 som utsending frå Stavanger by. Han høyrde der til sjølvstendepartiet, og fekk plass i finanskomitéen som skulle vurdere statsfinansane. Saman med Niels Aall og Wilhelm F. K. Christie var han medlem av deputasjonen som riksforsamlinga sende til England for å tale Noregs sak.

Han representerte Stavanger også på Stortinget i 1821 og det overordentlege storting i 1822. I 1821 var han medlem av 14 komitéar, mellom anna om fisket i Borgundfjorden, om fisket ved Skudesnes, om sildehandel i Bergen, om hummarfisket, om frihamn i Kristiansand og om vernepliktslova.

Rosenkilde vart slått til riddar av Dannebrog for innsatsen sin for fedrelandet.

KjelderEndra