Borgundfjorden er ein fjord på sørsida av byen ÅlesundSunnmøre. Han er 3,5 km lang og ligg mellom Nørvøya i Ålesund i nord og delar av øya Sula i sør.

Borgundfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Del av Nord-Atlanteren
Kart
Borgundfjorden
62°27′09″N 6°14′36″E / 62.452438°N 6.24332389°E / 62.452438; 6.24332389

Fjorden strekkjer seg frå Slinningen i Ålesund og inn til Hatlaneset i same kommune i aust. Langevåg, kommunesenteret i Sula, ligg på sørsida av fjorden. Fjorden er 128 meter på det djupaste. Fjorden er eit framhald av Heissafjorden i vest for Borgundfjorden, og held fram austover som Åsefjorden. Folk i området reknar heile fjorden frå Hessa til inst i Spjelkavika som Borgundfjorden

Fjorden er kjent for Borgundfjordfisket, eit rikt skreifiske som oftast finn stad på seinvinteren (februar-mars).

Det føreligg planer om kyssing av fjorden med ein undersjøisk vegtunnell, Borgundfjordtunnelen, for å betre kommunikasjonane mellom Ålesund og Sula.