Peder S. Goverud

Peder Svendsen Goverud (12. juni 18341921) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Hof i Vestfold.

Peder S. Goverud
Fødd 12. juni 1834
Hof
Død

9. november 1921 (87 år)
Hof

Yrke bonde, politikar

Goverud var son til ein gardbrukar som i si tid hadde vore på varamannsplass til Stortinget. Sjølv tok han over farsgarden i 1862 og dreiv han i lang tid. Han var medlem av heradsstyret i Hof frå 1863 og ordførar i 1875 og 1878, hadde elles mange kommunale verv.

Goverud representerte Jarlsbergs og Larviks amtStortinget 1877-82, 1886-88 og som varamann i 1892 frå 28. juli. Dei seks åra frå 1877 var han medlem av næringskomite nr 2, bolken 1886-88 den same i tillegg til Lagtinget.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Steenstrup, Bjørn:Hvem er Hvem? – 1930. Oslo 1930
  • Biografisk informasjon om Peder S. Goverud NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv