Pedro Pablo Pichardo

Pedro Pablo Pichardo (fødd 30. juni 1993) er ein kubansk-portugisisk tresteghoppar frå Santiago de Cuba som vart olympisk meister i øvinga under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021. Tidlegare vann han VM-sølv i 2015 og 2017. Pichardo har ein personleg rekord på 18,06 meter, oppnådd i 2015.

Pedro Pablo Pichardo


Statsborgarskap Portugal
Fødd 30. juni 1993 (30 år)
Santiago de Cuba
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tresteg menn

Aktiv endre

Pichardo hoppa over 17 meter fyrste gongen då han landa på 17,16 meter i eit stemne i Havanna i februar 2013. Fire månader seinare presterte han årsbeste i verda då han same staden nådde 17,69 meter. Under VM-finalen i Moskva august 2013 kom han på andreplass med 17,68 meter, sjanselaus mot franske Teddy Tamgho som hadde sin aller beste dag i tresteg-gropa.

8. mai 2015 i Havanna sletta Picardo den kubanske rekorden til Yoelbi Quesada i tresteg, med 17,94 meter lengde han landsrekorden med 9 cm. Vel ei veke seinare, den 18. mai i Doha flytta han rekorden til 18,06 meter og plasserte seg på tredjeplass på verdsstatistikken i tresteghopp. I verdsmeisterskapen i Beijing vann han ein ny sølvmedalje, grundig slått av Christian Taylor som med sine 18,21 meter presterte livsbeste.

I april 2017 forlet Pichardo det kubanske friidrettslandslaget i Stuttgart og søkte om portugisisk statsborgarskap. Frå august 2019 kunne han tevle internasjonalt for Portugal, enda så på fjerdeplass i Doha-VM. I OL-finalen i Tokyo sommaren 2021 sette han portugisisk rekord med eit hopp på 17,98 meter og vann ein suveren gullmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre