Opna hovudmenyen

Yoelbi Luis Quesada Fernández (fødd 4. august 1973) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar som i 1997 vart verdsmeister i tresteghopp, året etter han vann OL-bronsen i same øvinga.

Yoelbi Quesada
Statsborgarskap Cuba
Fødd 4. august 1973
Sancti Spiritus
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Quesada vann tresteghopp ved junior-VM 1992 med eit hopp på 17,04 m, han la på til 17,18 m då han vart sjettemann under i dei olympiske leikane i Barcelona same sommaren. Gjennom 1995-sesongen høyrde han til verdseliten i øvinga, noko han viste med 17,62 m og andreplass i innandørs-VM, 17,67 m og siger i dei panamerikanske leikane, før han til sist vart nummer fire med 17,59 m i friidretts-VM, nøyaktig like langt som bronsevinnaren hoppa. Året etter hoppa han litt kortare i OL-finalen, men 17,44 m heldt til bronse for Quesada.

Høgdepunktet i Quesada liv som tresteghoppar kom under verdsmeisterskapen 1997 i Aten. Han tok leiinga i tevlinga med eit fyrstehopp som målte 17,60 m. I den andre omgangen sette han med 17,85 meter personleg rekord, eit hopp som skulle vise seg å halde til gullmedalje. Sølvmedaljen gjekk til verdsrekordhaldaren Jonathan Edwards, som i siste omgang landa på 17,69 m, bronsen fekk Aliecer Urrutia, Quesadas landsmann, med sine 17,64 m.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney melde Quesada seg på i medaljestriden, men med 17,37 m som best mangla han ni centimeter på bronseplassen og vart nummer fire. Fire år etter enda han han opp på åttandeplass i Aten-OL.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra