Peel Island i Cumbria
Peel Island (tidlegare kalla Montague Island eller Gridiron[1]) er ei av tre øyar i Coniston Water i Lake District i Cumbria i England. Dei to andre er Fir Island (som er landfast så lenge vasstanden ikkje er høg) og Oak Island.[2] Ho er kjend for å ha inspirert til Wild Cat Island i bøkene Swallows and Amazons av Arthur Ransome. I dag er øya ein populær turistdestinasjon,[2] og høyrer til National Trust.[3]
Peel Island | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Peel Island i Cumbria 54°19′01″N 3°05′07″W / 54.3169°N 3.0852611111111°W | |||
Wikimedia Commons: Peel Island, Cumbria |
Peel Island vart gjeven til National Trust av hertug John Montagu-Douglas-Scott av Buccleuch, i lag med 4,5 hektar skog i 1932.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peel Island, Cumbria» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Monthly Chronicle of North Country Lore and Legend. 1890. s. 513.
- ↑ 2,0 2,1 Artingstoll, Belinda (7. august 2006). «The islands of Coniston». BBC. Henta 24. januar 2010.
- ↑ Holman, Tom; Davies, Hunter (2008). The Good Guide to the Lakes. Frances Lincoln. s. 131. ISBN 9780711228610.
- ↑ «Further gift of land to the national trust». The Times. 22. mai 1935.