Peggy Jones
Peggy Jones, gift Peggy Malone (19. juli 1940–16. september 2015) og med scenenamnet Lady Bo på grunn av forholdet sitt til Bo Diddley, var ein USA-amerikansk musikar. Ho var ein pioner innan rock and roll og spelte rytmegitar i bandet til Bo Diddley seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, og vart ein av dei første (kanskje den første) kvinnelege rockegitaristen i eit kjent rockeband. Ho vart stundom kalla Queen Mother of Guitar, gitarens dronningmor.[1][2]
Peggy Jones | |||
| |||
Fødd | 19. juli 1940 | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 2015 (75 år) | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist |
Peggy Jones spelte med Bo Diddley frå 1957 til 1961[2] eller 1963,[3] og spelte på singlar som «Hey! Bo Diddley», «Road Runner», «Bo Diddley's A Gunslinger», og den instrumentale «Aztec», som ho skreiv og spelte alle gitarpartia på.[1][2][3] Ho leia samstundeds sitt eige band, The Jewels.[4] Ho vart erstatta av ein annan kvinnelege gitarist, Norma-Jean Wofford («The Duchess»).[5]
Jones spelte gitar på Les Cooper-instrumentalen «Wiggle Wobble» i 1962 og perkusjon på hitten «San Franciscan Nights» av Eric Burdon and The Animals i 1967[3] og andre innspelingar[6] og akkompagnerte seinare James Brown and Sam & Dave.[1]
Diskografi
endreÅr | Album | Artist | Rolle |
---|---|---|---|
2011 | Have Guitar Will Travel/ In the Spotlight
(nyutgjeving) |
Bo Diddley | gitar, vokal |
2008 | Gold | Bo Diddley | gitar, vokal, korvokal |
2008 | Party in Lyceums Toilets | Awaken | komponist |
2007 | I'm a Man | Bo Diddley | gitar, vokal, korvokal |
1997 | His Best | Bo Diddley | gitar, vokal, korvokal |
1997 | The Chess Blues-Rock Songbook : The
Classic Originals |
forskjellige artistar | gitar, vokal, korvokal |
1994 | Chess Rhythm & Roll | forskjellige artistar | gitar |
1993 | Bo' s Blues | Bo Diddley | gitar, vokal |
1991 | Voluntown | J.P Jones | leiande produsent |
1979 | Masterjam | Rufus & Chaka Khan | composer |
1961 | Bo Diddley | Bo Diddley | gitar, vokal, korvokal |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peggy Jones» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2017.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Lady Bo». Ponderosa Stomp website. Henta March 5, 2015.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Sound Check (July 18, 2011). «Lady Bo, The Queen Mother of Gitar». Afropunk. Henta March 5, 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Huey, Steve. Peggy Jones på Allmusic. Henta March 2015.
- ↑ «Lady Bo "Mother of Rock" Dies at 75 Years Old». She Shreds Mag. Henta 11. juli 2017.
- ↑ Baine, Wallace. «Remembrance: The Legend of Lady Bo». Santa Cruz Sentinel. Henta 12. oktober 2015.
- ↑ «BO DIDDLEY - The Originator - A Celebration of his unique contribution to Popular Music. LADY BO - A Tribute - «She Is The Only One Who Knows The Original Ways...»». Lady Bo website. Henta March 6, 2015.