Opna hovudmenyen
Road Runner
Singel av Bo Diddley
frå albumet Bo Diddley in the Spotlight
B-side My Story
Utgjeve Januar 1960[1]
Innspelt September 1959 i Chicago, Illinois[2]
Sjanger Rock and roll, blues
Lengd 2:24
Selskap Checker 942[1]
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2]
Bo Diddley-kronologi
«Say Man, Back Again»
(1960)
Road Runner «Crawdaddy»
(1960)


«Road Runner» er ein 12-taktsblues framført av den amerikanske rock and roll-artisten Bo Diddley. Han vart opphavleg gjeven ut på singel av Checker Records i januar 1960[1] og seinare på albumet Bo Diddley in the Spotlight. Songen nådde 20. plassen på Billboard Hot R&B Sides-lista,[3] og 75. plassen på Hot 100.[4] Songen har sidan blitt spelt av mange andre artistar.

Beep-beep-refreenget er ein klår referanse til den teiknefilmkarakteren Roadrunner, eller Bippe Stankelbein.

Andre versjonarEndra

Det amerikanske garasjebandet The Gants gav ut «Road Runner» på singel i 1965 og nådde 46. plassen på Billboard Hot 100, den einaste singelen deira på lista.[5]

Det kanadiske rockebandet The Count Victors gav ut ein versjon av songen i 1963[6], Coral 62356.

Mange artistar i den britiske bølgja spelte inn «Road Runner»:

Fleire ikkje-britiske artistar har òg spelt inn songen, som AerosmithHonkin' on Bobo, Hurriganes på albumet Roadrunner og Microwave Dave & The Nukes på albumet deira Goodnight, Dear.

Songen vart spelt inn som ein del av filmmusikkalbumet Backbeat av ei supergruppe som bestod av Dave Grohl, Dave Pirner, Thurston Moore, Mike Mills, Greg Dulli og Don Fleming.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Reviews of This Week's Singles». Billboard: 39. 25. januar 1960. 
  2. 2,0 2,1 His Best (CD liner). Bo Diddley. United States: Chess Records/MCA Records. 1997. CHD-9373 http://aln3.albumlinernotes.com/Bo_Diddley_His_Best.html |url= missing title (hjelp). 
  3. «Hot R&B Sides». Billboard: 156. 25. april 1960. 
  4. «Bo Diddley - Billboard Singles». allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta 9. september 2019. 
  5. «The Gants - Billboard Singles». Allmusic. United States: Rovi Corporation. Henta 9. september 2019. 
  6. https://www.durhamregion.com/whatson-story/3456808-the-count-victors-peterborough-s-first-national-rock-band/
  7. Wyman, Bill; Ray Coleman (1997). Bill Wyman, Stone alone: the story of a rock 'n' roll band. Da Capo Press. s. 123. ISBN 978-0-306-80783-1. 

BakgrunnsstoffEndra