Hey! Bo Diddley
Singel av Bo Diddley
frå albumet Bo Diddley
B-side

«Mona»

Utgjeve April 1957[1]
Innspelt 8. februar 1957, i Chicago[2]
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:17
Selskap Checker 860
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2]
Bo Diddley-kronologi 
«Cops & Robbers»

(Juli 1957)

Hey! Bo Diddley «Say, Boss Man»

(Februar 1958)


«Hey! Bo Diddley» er den åttande singelen til Bo Diddley for Checker Records (må ikkje forvekslast med songen «Bo Diddley», som kom ut på singel i april 1957 på Checker Records).[1] B-sida til singelen var «Mona» (stundom kalla «I Need You Baby»).

Innspeling endre

«Hey! Bo Diddley» vart spelt inn i Chicago 8. februar 1957 - same dagen som «Mona». Songen vart produsert av Diddley med Leonard og Phil Chess, og med seg på innspelinga hadde Diddley Jerome Green (maracas) og anten Frank Kirkland eller Clifton James (trommer). Korvokal på songen var Peggy Jones og The Flamingos.[2]

Rytme endre

Som mange av songane til Bo Diddley (t.d. «Bo Diddley», «Gunslinger» og «Pretty Thing») har «Hey! Bo Diddley» ein Bo Diddley-rytme.[3]

Konsertopptak endre

Songen vart spelt inn anten 5. eller 6. juli i Myrtle Beach i Sør-Carolina og gjeven ut i 1964 på konsertalbumet Bo Diddley's Beach Party med The Dutchess. Songen vart framført live med Ronnie WoodLive at the Ritz i 1988.

Andre versjonar endre

«Hey! Bo Diddley» vart spelt inn av Bill Black, John P. Hammond, Kenny Rogers, Ronnie Hawkins, Maureen TuckerPlayin' Possum og Life in Exile After Abdication, Grateful DeadSteppin' Out with the Grateful Dead: England '72 og The Temptations.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Review Spotlight on R&B Records». Billboard: 58. April 6, 1957. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 His Best (CD liner). Bo Diddley. United States: Chess Records/MCA Records. 1997. CHD-9373 https://web.archive.org/web/20110916055954/http://aln3.albumlinernotes.com/Bo_Diddley_His_Best.html |archive-url= missing title (hjelp). Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017. 
  3. Hey! Bo DiddleyAllmusic