Pengő var tidlegare valutaen i Ungarn og vart brukt mellom 21. januar 1927 og 31. juli 1946, då han vart erstatta av forint etter ein periode med hyperinflasjon. Ein pengő var 100 fillér.

10 pengő

Introduksjonen av pengően endre

Etter den fyrste verdskrigen var den austerrike-ungarske krona utsett for ein kraftig inflasjon. I Ungarn vart ein ny valuta introdusert, pengő, den 1. januar 1927.[1] I byrjinga svara 3 800 pengő til 1 kilo gull og 1 pengő svara til 12 500 austerrikske kroner.

Slutten for pengően endre

Pengően tapte verdi etter andre verdskrigen då han opplevde den høgste hyperinflasjonen som nokon sinne har hendt. Ingenting kunne stoppe hyperinflasjonen.

Den største setelen som vart innført var ein 1021 pengő, dei vart trykt, men var aldri i bruk.[2] Den største setelen som var i bruk var ein 1020 pengő.[3]

Den ungarske økonomien kunne berre stabiliserast gjennom å innføre ein ny valuta. 1. august 1946 vart forinten innført til ein pris av 400 oktillionar (4·1029) pengő.[4]

Kjelder endre

  1. www.1000ev.hu (the Law No. XXXV 1925 – definition of the pengő value and related regulations)
  2. Bilete
  3. Bilete
  4. Linzmayer, Owen, red. (1 July 2019). «Hungary». The Banknote Book (7/. utg.). Owen W. Linzmayer. s. 21–22.