For kauritre, sjå slekta Agathis

Kauri er namnet på skal av porselenssniglar, særleg Cypraea moneta, som har ei lang historie brukt som pynt, pengar og til spel i Afrika og Eurasia. Namnet «kauri» stammar frå hindi/urdu kauri. På engelsk er skjela kjende som cowry eller cowrie.[1]

Ein handfull pengekauriskjel (Cypraea moneta).

Dei fleste kaurisniglar høyrer til slekta Cypraea, som er talrik i Indiahavet. Den vanlegaste arten brukt som betalingsmiddel var Cypraea moneta, som har eit rimeleg einsfarga, gulkvitt skal. Skjela blei mellom anna sanka i store mengder på Maldivane, og var utbreidde langs kystane til havet og vidare inn i landet.

Kinesisk bronsehaldar for kauripengar frå Det vestlege Han-dynastiet (206 f.Kr-8 e.Kr.).

Kineserarar brukte kauriskjel som betalingsmiddel allereie for tre tusen år siden. Under kolonitida i Afrika var kauriskjel betalingsmiddel der.

Kauriskjel kan også brukast til slumpkast, Dei er mellom anna tradisjonell terning i ulike indiske brettspel som stigespel og patsjisi (opphavet til ludo). Ein bruker dei ved å kasta ei viss mengd skjel på bakken og få ein viss verdi ut frå kor mange som landar med opningen opp. Fleire stader finst også tradisjon for å bruka skjela til å spå med.

Nordisk kaurisnigel (Trivia arctica) er ein kauriart som finst i norske farvatn. Skalet blir ca. 1 cm langt.

Bilete endre

Kjelder endre

  1. «Cowri». Dictionary.com. Henta 11. september 2014. 
  • «Games of Chance», asiasociety.org
  • «Kauri» i Caplex
  • Sømme, Lauritz S. «Kauri» (2012, 11. november), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. september 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kauri
  Denne samfunnsartikkelen som har med økonomi og biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.