Penryn (kornisk Pennrynn) er ein by i Cornwall i England. Han ligg ved, og har namn etter, elva Penryn. Byen er no praktisk talt ein forstad til Falmouth, men var tidlegare ein viktig hamneby, og eksporterte granitt og tinn.

Penryn

kornisk Penrynn
St. Gluvias Street i Penryn
St. Gluvias Street i Penryn
St. Gluvias Street i Penryn
Plassering
Penryn is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Grunnlagd 1216
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 227
Koordinatar 50°10′″N 5°6′″WKoordinatar: 50°10′″N 5°6′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TR10
Telefon-retningsnummer 01326
Commons har multimedium som gjeld: Penryn

Byen vart grunnlagt i 1216, og er dermed ein av dei eldste i Cornwall. Innan 1400-talet hadde han vorte ei viktig hamn. Innan 1600-talet gjekk mykje av handelen med kornisk tinn og kopar over Penryn, og tidleg på 1800-talet vart det anlagt granittbrot ved elva. Store mengder stein vart sendt til byggeprosjekt både elles i Storbritannia og i utlandet.

Penryn er enno ein travel by, men har verna mykje av det gamle preget sitt. Mange av bygningane er frå tudortida, jakobeisk tid og georgiansk tid, og byen blir rekna som bevaringsverdig nærast i heilskapen sin fordi han har eit unikt bybilete. Eit museum i rådhuset illustrerer historia til byen.

Delar av Exeter University held til i utkanten av Penryn, og det er planar om å utvide både studiestedet og mengda studentbustader.

Kjelder endre