Pepar
Pepar
Pepar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Piperales
Familie: Peparfamilien Piperaceae
Slekt: Peparslekta Piper
Art: Pepar P. nigrum
Vitskapleg namn
Piper nigrum

Svart pepar (Piper nigrum) er ein klatreplante i peparfamilien og eit mykje brukt krydder som ofte berre blir kalla pepar.

Klatrande peparplantar i Kerala.

Skildring endre

Peparplanten er ein fleirårig klatreplante med vedstamme som kan bli opptil 4 meter høg. Han veks opp langs tre, master og stativ. Planten har luftrøter og kan også slå rot om han når bakken att. Blada er hjarteforma og kan bli 12-18 cm lange.[1] Planten har små blomar som er kvite eller grøne. Dei sit i hengjande rakler som blir 4-8 cm lange.[2] Vanlegvis har ulike plantar hann- eller hoblomar. Kvar hobloma dannar ei kulerund steinfrukt som blir kalla peparkorn. Peparkorna er grøne som kart og raude i mogen tilstand. Kvar klase inneheld opptil femti peparkorn.[1]

Peparkorn endre

 
Tørka peparkorn i ulike fargar.

Innhausting og tørkemetode avgjer fargen på peparkorna, som kan vera svarte, kvite, grøne eller raude. Dei tradisjonelle fargane er svart, som er tørka peparkorn med skal, og kvite, der skala er fjerna. Raude og grøne peparkorn kan også syltast.[3]

Dyrking endre

Peparplanten veks i tropisk klima og blir mellom anna dyrka i India, Indonesia, Vietnam, Malaysia og Brasil. Dei viktigaste produsentlanda var opphavleg India og Indonesia, men Vietnam auka produksjonen og blei den største peparprodusenten på 2000-talet.[3]

 
Tørka svarte peparkorn.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pepper», Urtekilden
  2. «Black Pepper Cultivation and Harvest». Thompson Martinez. Henta 14. mai 2014. 
  3. 3,0 3,1 Katzer, Gernot (2006). Pepper. Gernot Katzer's Spice Pages. Henta 2. desember 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Svart pepar
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.