Peparfamilien (Piperaceae) er ein plantefamilie i ordenen Piperales. Han omfattar over to tusen artar fordelt på 8 planteslekter. Slektene med flest plantar er peparslekta (Piper) og Peperomia. Plantar frå familien veks i store delar av tropane.

Peparfamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Piperales
Familie: Peparfamilien Piperaceae
Giseke, 1792

Artane i peparfamilien kan danna småtre, buskar eller urter. Dei er rike på eteriske oljer med brennende smak. Vanleg pepar blir laga av bæra til svart pepar (Piper nigrum). Den polynesiske drikken kava blir laga av arten Piper methysticum. Mange Peperomia-plantar veks som epifyttar på rotnande tre. Nokre av dei blir dyrka som prydplantar, til dømes Peperomia fraseri og Peperomia caperata.

Slekter

endre

Underfamilien Verhuellioideae Samain & Wanke

Underfamilien Zippelioideae Samain & Wanke

Underfamilien Piperoideae Arnott

  • Piper Linnaeus 1753 (ca. 2000 artar)
  • Peperomia Ruiz & Pavon 1794 (ca. 1600 artar)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Piperaceae
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.