Per-Owe Trollsås


Per-Owe Trollsås (18. januar 19335. november 2000) var ein svensk sprintar og hekkeløpar frå Vaplan i Jämtlands län, død i Järfälla kommun i Stockholms län. Han vann sølvmedaljen i 400 meter hekk då EM i friidrett 1958 fann stad på svensk heimebane.

Per-Owe Trollsås


Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. januar 1933
Vaplan
Død

5. november 2000 (67 år)
Järfälla kommun

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Aktiv endre

Trollsås vart svensk meister på 100 meter i 1952, ein prestasjon han gjentok året etter. Sidan vann han i den svenske meisterskapen 400 meter hekk fire år i rad, 1957-60. Under europameisterskapen 1958 på Stockholms stadion sette han i semifinalen svensk rekord på langhekken med 51,0 sekundar, ein rekord som gjaldt fram til 1970-sesongen. I EM-finalen fekk han notert 51,6 og vann sølvmedaljen, eit halv sekund bakom vinnaren Jurij Litujev frå Sovjetunionen.

Under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma rauk Trollsås ut allereie i forsøka på 400 m hekk, etter eit løp på 52,49 sekundar (=nr 17). Han sprang også ein etappe for Sverige i 4 x 400 meter stafett, laget vart sist i semifinalane.

Han la opp i 1961.

Kjelder endre