Per Aarviknes (7. september 189711. april 1981) var bygdebokforfattar i VoldaSunnmøre. Han var fødd på Årvikneset ved Straumshamn på sørsida av Voldsfjorden.

Per Aarviknes
Fødd 7. september 1897
Død

11. april 1981 (83 år)

Liv og Yrke endre

Av utdanning hadde han folkeskulen og eit år på Møre Folkehøgskule i Ørsta. Han tok til som fiskar i 15 års alderen. Det var han i tolv vintrar. I tillegg arbeidde han som gardbrukar, han overtok farsgarden i 1931, som båtbyggar, vegarbeidar og som rutebilsjåfør. Han arbeidde fleire år med likninga i Volda, og to år i hamnevesenet med moloarbeid.

Kulturarbeidar endre

Per Aarviknes tok til å samle folkeminne frå ti-elleve års alderen. Han søkte om stønad til å drive innsamlingsarbeid frå Nansenfondet, men fekk avslag. Han kosta sjølv reise til statsarkivet i Trondheim, og til Bergen. Første boka, Ætt og minne. Gamal segn og soge I fekk han gitt ut i 1942. Han gav ut fleire bøker med lokalhistorisk stoff. Det meste frå Volda. I 1961 vart det vald kommunal bygdeboknemnd i Volda. Aarviknes fekk no hjelp med arbeidet. Han fekk og økonomisk stønad. I 1970 - 1973 gav han ut Volda-soga : gardar og slekter i tre bind.

Aarviknes var medarbeidar for Institutt for sammmenlignende kulturforsking i fleire år. Han var og medarbeidar i Norsk Ordbok. Han dirigerte songkor, og spelte fele, toradar og gitar.

Per Aarviknes fekk Kongens fortenestmedalje i gull.

Bibliografi endre

  • Ætt og minne. Gamal segn og soge I. Fem hefte, seinare samla i Ætt og minne. Voldaætter 1 (1942)
  • Sagnhistoriske folkeminne (1945)
  • Selje kloster (1948)
  • Folkeminne, 2 (1951)
  • Folkeminne frå Volda og Dalsfjord (1951)
  • Gardar og ætter i Volda : 1603-1950 1. bandet (1955)
  • Gardar og ætter i Volda : 1603-1950 2. bandet (1959)
  • Nokre dikt (1965)
  • Det var ein gong : litt Volda-soge (1969)
  • Volda-soga : gardar og slekter tre band (1970 - 1973)
  • Frå eit langt liv : folkeminne, segn og soge (1975)

Kjelder endre