Per Fett

norsk arkeolog

Per Fett (10. november 190920. mars 1966) var ein norsk arkeolog og konservator, frå Oslo.

Per Fett
Fødd10. november 1909
Død20. mars 1996
NasjonalitetNoreg
Yrkearkeolog
EktefelleEva Fett
BarnTryggve Fett

Per Fett tok magistergraden i 1934, og var heile sitt yrkesaktive liv tilsett ved Bergen Museum. Han forska mykje på helleristningar og jarnaldermateriale, men er best kjend for det store arbeidet han la ned i å registrere dei vestnorske fornminna, som kravde at han reiste ikring og fann fram til kvart einskild fornminne. Forminna vart stadfesta og skildra i dei prenta hefta Førhistoriske minne på Vestlandet, digitalisert i det såkalla Dokumentasjonsprosjektet[1]. Til saman vart det 80 hefte, eit for kvart prestegjeld i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, som var Bergen Museums geografiske ansvarsområde.

Per Fett var son av tidlegare riksantikvar Harry Fett, og far til Tryggve Fett[2] , seniorrådgjevar ved Bymuseet i Bergen.

Per Fett var gift med arkeologen Eva Fett.

Referansar

endre
  1. Per Fetts serie "Førhistoriske minne på Vestlandet Søkbar database
  2. Sjå artikkel om Tryggve Fett i Bergens Tidende 12. juli 1993

Bakgrunnsstoff

endre