Per Hilleren (fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Luster i Sogn og Fjordane, død 23. april 1994) var ein norsk forfattar og predikant. Han vaks opp i Sogndal og flytta seinare mykje, han var mellom anna også busett i Brekke i Gulen, Balestrand og Vadheim i Høyanger, forutan eit par stader på Austlandet. Hilleren var i ein kort periode redaktør for lokalavisa Syngabladet som kom ut i Sogndal i 1967. Han var sterkt engasjert i kristeleg lagsarbeid, han var mellom anna ei tid tilsett ved Blå kors i Bergen og han reiste også som forkynnar for kristelege organisasjonar.

Per Hilleren
Fødd 7. juni 1906
Død

23. april 1994

Yrke skribent

Per Hilleren gav ut om lag 50 bøker frå debuten i 1928 med Kveldssol. Eit prosadikt. Ofte er kampen mellom det lyse og det mørke tema. Mange bøker er gitt ut i fleire opplag og på fleire språk. Gjennombrotet kom i 1939 med romanen Gull og kjærlighet som var eit oppgjer med Hitler og nazismen. Dei fleste utgjevingane til Hilleren har vore i romanform, men han har også gitt ut novellesamlinga Medan heggen blømer, og nokre av føredraga hans kom i bokform i Tid og rødmer.

Hilleren sine verk har ein kristen grunntone. Religiøse brytningar i einskildmennesket og bygdesamfunnet er viktige tema. Ein finn også naturskildringar i bøkene hans. Rachel frå 1959 er ein roman frå det nye Israel. Romanen Det blåser på heia frå 1947, skildrar vekkingane på Vegårshei i siste halvdel av 1800-talet. Den sjølvbiografiske Minneskog fortel om livet som forfattar og forkynnar. Han har også skrive bøker for barn.

BibliografiEndra

BøkerEndra

I tidsskrift - eit utvalEndra

BakgrunnsstoffEndra