Per Joar Hansen

norsk fotballspelar

Per Joar «Perry» Hansen (fødd 17. august 1965) er ein norsk fotballspelar og -trenar, sidan 2013 hovudtrenar for Rosenborg.

Per Joar Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1965 (58 år)
Namsos
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Per Joar Hansen på Commons

Hansen er fødd i Namsos og voks opp i den litle bygda Trofors i Nordland. Han spelte blant anna for klubbane Mosjøen og Steinkjer før han hadde eit opphald i Rosenborg 1987–89. Han var med på å vinne serien og cupen i 1988.

Han spelte for fleire klubbar i lågare divisjonar i åra som følgde, blant anna Umeå (Sverige), Stjørdals-Blink, Varden IL, Byåsen IL og IL Fram. I 1995 spelte han heile sesongen for Strindheim, da laget hadde ein gjestevisitt i toppserien.

Frå slutten av 90-talet byrja Hansen som trenar, først i Rosenborg, deretter i den svenske toppklubben GIF Sundsvall hausten 2001, der han hadde stor suksess den første sesongen. Han sa opp etter 2003-sesongen, og kom tilbake til Rosenborg. Han var assistent for Ola By Rise i 2004-sesongen, der Rosenborg med eit naudskrik tok seriegullet i siste serierunde. Hansen blei forfremma til hovudtrenar i klubben før 2005-sesongen. Han trekte seg 7. august 2005 og blei erstatta av Per-Mathias Høgmo.

I desember 2005 blei Hansen tilsett som ny hovudtrenar for Aalesunds FK der han førte klubben opp til Tippeligaen på første forsøk saman med assistenttrenar Sturla Voll. Hausten 2008 blei han tilsett som hovudtrenar for Ranheim. Han oppnådde målsettinga om å rykke opp på første forsøk, og Ranheim spelte i Adeccoligaen frå 2010-sesongen. I 2013 trente Hansen igjen Rosenborg.