Periferieininga Árta
Periferieininga Árta Περιφερειακή ενότητα Άρτας | |
---|---|
| |
Periferi | Ípiros |
Hovudstad | Árta |
Folketal | 63 732 (2021[1]) |
Areal | 1 662 km² Rangering 40. |
Folketettleik | 38/km² |
Kommunar | 4 |
Postnummer | 47x xx |
Retningsnummer | 268x0 |
Bilnummer | AT |
Heimeside | www.arta.gr |
Periferieininga Árta (gresk Περιφερειακή ενότητα Άρτας, Periferiakí enótita Ártas) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros.[2] Hovudstaden i periferieininga er Árta og periferieininga ligg nord for Ártabukta. I nordaust ligg det fjell med berre ein veg inn i Piniósdalen og Thessalía, og lågtliggande jordbruksområde ligg i vest. Árta grensar til periferieiningane Préveza i vest, Ioánnina i nord, Tríkala og Kardítsa i aust og Etoloakarnanía i sør. Den austlege grensa går langs elva Akhelóos og den vestlege ved Loúros.
Mykje av folkesetnaden bur i vest, i Árakhthosdalen, sør og aust for Árta.
Geografi
endreAv elvar i området finn ein Akhelóos, Árakhthos og Loúros. Fjella Athamaniká ligg i nordaust og er ein del av fjellkjeda Píndos
Historie
endreOmrådet rundt Árta vart ein del av Hellas i 1880-åra og var den einaste delen av Ípiros som då vart ein del av Hellas i lag med Thessalía.
Administrativ inndeling
endreTidlegare var Árta eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Árta | Árta | Árta | 471 00 | 26810 |
Amvrakikós | 471 00 | 26810-4 | ||
Filothéi | 470 42 | 26810 | ||
Vlakhérna | 471 00 | 26810-85 | ||
Xirovoúni | 482 00 | 26830-8 | ||
Sentral-Tzoumérka | Ágnanda | 470 43 | 26850-3 | |
Athamánia | 470 45 | 26850-2 | ||
Melissourjí | 471 00 | 26830-26 | ||
Theodóriana | 470 45 | 26850-22 | ||
Nikólaos Skoufás | Árakhthos | 470 41 | 26810-8 | |
Komméno | 471 00 | 26830-69 | ||
Kombóti | 470 40 | 26810-65 | ||
Péta | 472 00 | 26810-81 | ||
Jeórjos Karaiskákis | Jeórjos Karaiskákis | 470 48 | 26810-67 | |
Iráklia | 470 44 | 26810-68 | ||
Tetrafylía | 470 47 | 26850 |
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Árta | Árta | 21 895 | 21 798 |
Kostakií | Árta | 2 078 | 2 020 |
Ájos Dimítrios | Nikólaos Skoufás | 1 482 | 1 510 |
Péta | Nikólaos Skoufás | 1 563 | 1 443 |
Kombóti | Nikólaos Skoufás | 1 544 | 1 439 |
Neokhóri | Nikólaos Skoufás | 1 737 | 1 372 |
Khalkiádes | Árta | 1 284 | 1 330 |
Grammenítsa | Árta | 1 258 | 1 206 |
Ájos Spyrídonas | Árta | 971 | 979 |
Eleoúsa | Árta | 1 093 | 973 |
Anéza | Árta | 1 111 | 946 |
Kalamiá | Árta | 1 018 | 934 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Arta Prefecture frå Engelsk Wikipedia .