Piniós i Thessalía

Sjå òg Piniós på Peloponnes.


Piniós (gresk Πηνειός), òg kalla Pineios og Peneus, er ei elv i Thessalía i Hellas. Elva er kalla opp etter guden Penevs, men har dei siste 1000 åra som regel vorte kalla Salambria.

Piniós
Πηνειός
elv
Land  Hellas
Lengd 216 km
Kjelde Píndosfjella
Munning Egearhavet
Kart
Piniós i Thessalía
39°56′02″N 22°43′03″E / 39.9339°N 22.7175°E / 39.9339; 22.7175
Wikimedia Commons: Pineios River (Thessaly)

Piniós renn frå Píndosfjella og munnar ut i Egearhavet nordaust for Témbi, nær Stómio. Ho dannar eit stort delta, som er kjend for vakker natur og mange dyreartar og som er verna av internasjonale miljøvernsavtalar. Ho har ei lengd på 216 km og har kjelde nord i Píndosfjella, aust for Métsovo. Meteoraområdet og byane Tríkala og Lárisa ligg ved Piniós. I 1960-åra vart det bygd ein motorveg mellom Aten og Thessaloníki i Témbidalen, men dette øydela ikkje det spesielle miljøet.

Slagskipet «Piniós» er kalla opp etter elva.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre