Pernille
kvinnenamn
Pernilla og Pernille er ei nordisk kortform av Petronilla, ei latinsk kvinneleg diminuitivsform av det romerske familienamnet Petronius, som har usikkert opphav.
Pernilla er mest brukt på svensk medan Pernille er mest brukt på dansk og norsk. På 1700-talet og endå meir ved byrjinga av 1800-talet var Pernille mykje brukt i Noreg.
Den 31. mai har Pernille namnedag i Noreg medan Pernilla har det i Sverige.
Namneberarar
endre- Pernilla Tunberger (1912-1986), fødd Zätterström, svensk matskribent
- Pernille Anker (1947-1999), norsk skodespelar og songar
- Pernilla August (f. 1589), fødd Mia Pernilla Hertzman-Ericson, svensk skodespelar
- Pernille Dysthe (f. 1961), norsk forfattar og journalist
- Pernille Rygg (f. 1963), norsk forfattar
- Pernilla Wahlgren (f. 1967), svensk artist
- Pernille Fischer Christensen (f. 1969), dansk filmregissør
- Pernilla Wiberg (f. 1970), svensk alpinist
- Pernille Rose Grønkjær (f. 1973), dansk filmregissør
- Pernille Sørensen (f. 1977), norsk komikar og skodespelar
- Pernille Rosenkrantz-Theil (f. 1977), dansk folketingspolitikar
Annan bruk
endre- Pernille er namnet på fleire figurar i komediane til Ludvig Holberg. Det finst i titlane på Henrik og Pernille og Pernilles korte frøkenstand. I Den vægelsindede og Den stundesløse har personar namnet Pernille, og i Jeppe på Bjerget opptrer «Mor Nille».
- Pernille og Mr. Nelson var ein tidleg norsk barne-TV-serie.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pernille» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2009.
«Pernille» i Store norske leksikon, snl.no.