Pernille Sørensen

norsk komikar og skodespelar

Pernille Sørensen (fødd 15. september 1977) er ein norsk komikar og skodespelar.

Pernille Sørensen
Fødd15. september 1977 (46 år)
FødestadBærum kommune
Verka somskodespelar, manusforfattar, stemmeskodespelar, komikar
EktefelleDagfinn Lyngbø
PrisarTV-prisen

Sørensen er fødd i Bærum. Ho studerte i perioden 1998–2002, har medievitskap og statsvitskap mellomfag frå NTNU, og har studert stat og politikk i Midtausten og Nord-Afrika ved UiO.[1]

Ho har jobba mykje innanfor humorsjangeren både på scena, TV og radio. Ho er ein av skaparane og skodespelarane i den norske humorserien Melonas som gjekk på NRK1 frå 2002 til 2006. Ho er òg kjend frå andre program på NRK, blant anna som paneldeltakar i 20 spørsmål og Løvebakken og for enkelte roller i Uti vår hage.

Sørensen fekk prisen som årets nykommar under Komiprisen 2003. Ho hadde ei statistrolle i Hotel Cæsar hausten 2001 som TV-reporter. Hausten 2009 spelefilmdebuterte ho i Knerten, som vart regissert av Åsleik Engmark. Ho spelte òg i oppfølgjaren, Knerten gifter seg, i 2010. Våren 2011 hadde TV-serien Åse Tonight premiere på NRK med Sørensen som manusforfattar og hovudrolleinnehavar.[2] Frå hausten 2013 spelte ho rolla som Lisbeth Berg i TV-serien Side om side på NRK1. Februar 2015 tok ho over etter Ingrid Gjessing Linhave som fast paneldeltakar i Nytt på Nytt[3]. Under Komiprisen 2016 vann ho publikumsprisen årets morosamaste.[4]

Sørensen har òg opptredd på scena «Latter», der ho er tilsett. I 2001 var ho med på «Julegalla i Olavshallen» og «Stand Up Komiske Leker» i 2002. I september 2010 hadde ho premiere på sitt soloshow Flink Pike, som mottok god kritikk i dagspressa. Utover dette har ho òg vore med på «3 Fantastiske Mennesker» og «Lattergalla».[5] I 2018 hadde ho soloførestillinga «Kultur».[6]

Sørensen er gift med komikaren Dagfinn Lyngbø.[7]

Kjelder endre

  1. «Prompehumor». Universitas (på norsk bokmål). 2. mars 2011. 
  2. «- Vart du skræmt no?». 23. februar 2011. Henta 1. september 2019. 
  3. «Pernille Sørensen til «Nytt på nytt»». 23. februar 2015. 
  4. «Pernille Sørensen er Årets morsomste». 30. april 2016. Henta 1. september 2019. 
  5. «SPIS, DRIKK OG VÆR GLAD PÅ LATTER!» (på engelsk). Henta 21. februar 2018. 
  6. «Nytt show på Latter: «Verden har gått videre, og Pernille Sørensen står igjen på perrongen med et utdatert manus i hånden»». 24. august 2018. Henta 1. september 2019. 
  7. «Derfor er Pernille Sørensen lykkelig gift». 30. september 2010. Henta 1. september 2019.