Perthitt er eit alkalifeltspat (kalinatronfeltspat) som er avblanda slik at små lamellar eller årer av natronfeltspat (albitt) ligg i ein grunnmasse av kalifeltspat (vanlegvis mikroklin).

Perthitt på eit bilete av eit feltspatkorn i tynne delar sett gjennom eit petrografisk mikroskop og ei førsteordens raud plate. Lenga er kring 0,4 mm.

I feltspatar med submikroskopiske lamellar kan det ved interferens opptre eit vent fargespel.

Kjelder endre

  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Perthitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/perthitt.