Pervouralsk
Pervouralsk Первоуральск | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Pervouralsk | Byvåpenet til Pervouralsk |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1732 1933 | |
Borgarmeister | Maksim Fjodorov | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
66 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
133 600 2 024,2 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 283 moh | |
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 623100–623159 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)34392 | |
Nettstad: www.pervouralsk.ru/ |
Pervouralsk (russisk Первоура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tsjusovaja, ei sideelv til Kama, rundt 40 km vest for Jekaterinburg, og har om lag 130 000 innbyggjarar (2007).
HistorieEndra
Soga til Pervouralsk startar i 1730 då Vasilij Demidov starta bygginga av eit jernverk på staden. Rundt fabrikken vart det i 1732 grunnlagt ein busetnad kalla Vasiljevsko-Sjajtanskij (russisk Васильевско-Шайтанский). I 1933 fekk busetnaden bystatus og endra samstundes namn til Pervouralsk, som tyder 'den første i Ural'.
NæringslivEndra
Pervouralsk har nest etter Jekaterinburg den raskast veksande økonomien i Sverdlovsk oblast, med ein årleg vekst i industriproduksjonen på 25-30 % og ein årleg omsetnadvekst i detaljhandelen på 20 %. Som følgje av dette er arbeidsløysa i byen særs låg, rundt 1 % og talet på ledige stillingar har vore høgare enn talet på arbeidsledige. Den største arbeidsgjevaren i byen er røyrprodusenten Pervouralskij Novotrubnyj Works.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Pervouralsk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2009.
BakgrunnsstoffEndra
- [www.pervouralska.net/ Informasjonsportal]