Peter and Gordon

(Omdirigert frå Peter & Gordon)

Peter and Gordon var ein britisk popduo som bestod av Peter Asher (f. 1944) og Gordon Waller (1945–2009), og som vart internasjonalt kjende i 1954 med den første singelen sin, «A World Without Love». Duoen fekk fleire hittar i den britiske bølgja.

Peter and Gordon

Peter and Gordon i 2005.
Aktiv1960-åra, 2000-åra
SjangerPop
Tilknytte artistarMacy Gray
PlateselskapColumbia (EMI)
Capitol (USA)
Tidlegare medlemmerPeter Asher
Gordon Waller

Historie

endre

Peter Asher og syster hans Jane var barneskodespelarar i 1950-åra. Dei spelte sysken i ein episode i fjernsynsserien The Adventures of Robin Hood i 1955. Jane Asher var kjæraste med Paul McCartney frå The Beatles mellom 1963 og 1968, og Peter and Gordon spelte inn fleire songar skrivne av McCartney, men kreditert til Lennon–McCartney. Dette inkluderte hittane «A World Without Love» (US & UK nr.1), «Nobody I Know» (US nr.12; UK nr.10), «I Don't Want To See You Again» (US nr.16) og «Woman».

Med «Woman» brukte McCartney pseudonymet Bernard Webb for å sjå om han kunne få ein hitsong utan at namnet hans var involvert. Dei første trykka av den amerikanske singelen på Capitol oppførte komponisten som «A. Smith». Songen nådde 14. plassen i USA og 28. plassen på den britiske singellista i 1966. Peter and Gordon spelte òg inn John Lennon-songen «If I Fell», som tidlegare var spelt inn av The Beatles og gjeven ut i 1964 på albumet deira A Hard Day's Night.

Andre hittar duoen hadde var «I Go to Pieces» (US nr.9), skriven av Del Shannon og gjeven til Peter and Gordon etter at dei hadde turnert i lag. Dette kom av at manageren til Del Shannon frå plateselskapa Embee og Bigtop. Irving Micahnik og Harry Balk oppdaga Del Shannon og dei skreiv bort rettane til «I Go to Pieces» og håpte å lure Peter and Gordon til selskapet sitt i Detroit. Alt dei oppnådde var å tape alle inntektene dei elles ville fått for songen. Duoen spelte òg inn Buddy Holly sin «True Love Ways» (US nr.14 og UK nr.2 i 1965) og The Teddy Bears sin «To Know Him Is To Love Him», under namnet «To Know You Is To Love You» (US nr.24 og UK nr.5 i 1965).

Peter and Gordon fekk sin siste hit i Storbritannia seint i 1966 med «Lady Godiva», som nådde 16. plassen der (og sjetteplassen i USA). Suksessen deira i USA varte til 1967 med «Knight in Rusty Armour» og «Sunday for Tea» som begge gjekk inn på Billboard Hot 100 det året.

Peter Asher vart så talentspeidar for Apple Records. Han fortsette karrieren som platesjef i California, der han var manager og produsent for Linda Ronstadt og James Taylor i 1970- og 1980-åra. Asher produserte òg innspelingar for Cher, 10,000 Maniacs og Diana Ross. Dottera hans, Victoria Asher, er medlem av rockebandet Cobra Starship.

I august 2005 spelte Peter and Gordon saman att på scenen for første gong på meir enn 30 år, som ein del av ei hyllest til Mike Smith i The Dave Clark Five i New York City. Dette vart etterfølgd av heile konsertar under The Fest for Beatles Fans (tidlegare Beatlefest) året etter.

Våren 2007 og 2008 spelte Peter and Gordon under konsertserien Flower PowerEPCOT-senteret i Florida. Den 21. august 2008 heldt dei ein gratiskonsert på kaien i Santa Monica i California. Dei spelte òg nokre konsertar i 2009, før Gordon Waller døydde av eit hjarteinfarkt den 17. juli 2009.

Diskografi

endre

Singlar

endre
A-side, B-side Storbritannia USA
Utgjeving Katalognummer Plassering Album Utgjeving Katalognummer Plassering Album
«A World Without Love»
med «If I Were You»
28. februar 1964 Columbia DB 7255 1 Peter and Gordon 27. april 1964 Capitol 5175 1 A World Without Love
«Nobody I Know»
med «You Don't Have To Tell Me»
29. mai 1964 Columbia DB 7292 10 A: Ikkje albumspor
B: Peter and Gordon
15. juni 1964 Capitol 5211 12 A: I Don't Want To See You Again
B: A World Without Love
«I Don't Want To See You Again»
med «I Would Buy You Presents»
9. september 1964 Columbia DB 7356 A: In Touch With Peter & Gordon
B: Ikkje albumspor
21. september 1964 Capitol 5272 16 A: I Don't Want To See You Again
B: Knight In Rusty Armour
«I Go To Pieces»
med «Love Me Baby»
20. november 1964 Columbia DB 7407 A: I Go To Pieces
B: The Best Of Peter & Gordon
Desember 1964 Capitol 5335 9 A: I Go To Pieces
B: I Don't Want To See You Again
«True Love Ways»
med «If You Wish» (frå I Go To Pieces)
23. mars 1965 Columbia DB 7524 2 The Best Of Peter & Gordon March 1965 Capitol 5406 14 True Love Ways
«There's No Living Without Your Loving» /
«A Stranger With A Black Dove»
A: Woman
B: Peter & Gordon '66
April 1965 Capitol 5650 50
130
A: Woman
B: Knight In Rusty Armour
«To Know You Is To Love You»
med «I Told You So»
11. juni 1965 Columbia DB 7617 5 The Best Of Peter & Gordon June 1965 Capitol 5461 24 True Love Ways
«Baby I'm Yours»
med «When The Black of Your Eyes Turn To Grey»
15. oktober 1965 Columbia DB 7729 19 A: Ikkje albumspor
B: Hurtin' 'N' Lovin'
A: Ikkje albumspor
B: True Love Ways
«Don't Pity Me»
med «Crying In The Rain»
Hurtin' 'N' Lovin' October 1965 Capitol 5532 83 True Love Ways
«Woman»
med «Wrong from the Start»
11. februar 1966 Columbia DB 7834 28 Woman 10. januar 1966 Capitol 5579 14 Woman
«To Show I Love You»
med «Don't Pity Me»
June 1966 Columbia DB 7951 A: Ikkje albumspor
B: Hurtin' 'N' Lovin'
May 1966 Capitol 5684 98 A: Knight In Rusty Armour
B: True Love Ways
«Lady Godiva»
med «The Town I Live In» (første amerikanske utgåve)
«Morning's Calling» (UK & andre amerikanske utgåve)
9. september 1966 Columbia DB 8003 16 A: Ikkje albumspor
B: Peter & Gordon '66
September 1966 Capitol 5740 6 A & 2nd US B: Lady Godiva
First US B: Ikkje albumspor
«Knight in Rusty Armour»
med «The Flower Lady»
November 1966 Columbia DB 8075 Ikkje albumspor November 1966 Capitol 5808 15 Knight In Rusty Armour
«Sunday For Tea»
med «Start Trying Someone Else» (Storbritannia)
«Hurtin' Is Lovin'» (USA)
Februar 1967 Columbia DB 8159 Februar 1967 Capitol 5864 31 A: In London For Tea
UK B: Lady Godiva
US B: True Love Ways
«The Jokers»
med «Red, Cream And Velvet»
Mai 1967 Columbia DB 8198 Mai 1967 Capitol 5919 97 In London For Tea
«Greener Days»
med «Never Ever»
30. desember 1967 Capitol 2071 Hot Cold & Custard
«I Feel Like Going Out»
med «The Quest For The Holy Grail»
April 1968 Columbia DB 8398
«You've Had Better Times»
med «Sipping My Wine»
12. juli 1968 Columbia DB 8451 Juli 1968 Capitol 2214 118
«I Can Remember (Not Too Long Ago)»
med «Hard Time, Rainy Day»
Mai 1969 Columbia DB 8585 Mai 1969 Capitol 2544 Ikkje albumspor

Album

endre
  • A World Without Love (1964)
  • I Don't Want to See You Again (1964)
  • I Go to Pieces (1965)
  • True Love Ways (1965)
  • Sing and Play Hits of Nashville (1966)
  • Woman (1966)
  • Best of (1966)
  • Lady Godiva (1967)
  • Knight in Rusty Armour (1967)
  • In London for Tea (1967)
  • Hot, Cold & Custard (1967)

Album (Capitol-EMI, Canada)

endre
  • A World Without Love (S)T 2115
  • I Don't Want To Be Around You Again (S)T 2230
  • I Go To Pieces (S)T 2334
  • True Love Ways (S)T 2368
  • Sing and Play the Hits of Nashville (S)T 2430
  • Woman (S)T 2477
  • The Best of Peter And Gordon (S)T 2549
  • Lady Godiva (S)T 2664
  • Knight in Rusty Armour (S)T 2729
  • In London For Tea (S)T-2747 (1967)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre