Peter Abrahams

sørafrikansk skribent

Peter Henry Abrahams (19. mars 191918. januar 2017) var ein forfattar frå Sør-Afrika.

Peter Abrahams

Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 19. mars 1919
Vrededorp, Gauteng
Død

18. januar 2017 (97 år)
Saint Andrew Parish

Yrke skribent, journalist, sjefredaktør, lyrikar, kommentator, redaktør
Språk engelsk
Peter Abrahams på Commons

Abrahams var fødd og oppvaksen i Vrededorp, ein fattig forstad til Johannesburg. Han reiste frå Sør-Afrika i 1939, og jobba først som sjømann, seinare fekk han jobb som journalist i London. I 1956 flytta han til Jamaica.

Gjennombrotet sitt fekk Abrahams med romanen Mine Boy i 1946. Dette var ein av dei første romanane som tok for seg situasjonen til dei svarte i Sør-Afrika. I romanane sine skildrar han mellom anna livet i slummen og i kolgruvene der han voks opp. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk.

Bibliografi endre

  • A black man speaks of freedom (1940), diktsamling
  • Dark testament (1942), novellesamling
  • Song of the city (1945)
  • Mine boy (1946)
  • The path of thunder (1948)
  • Wild conquest (1950)
  • Return to Goli (1953)
  • Tell freedom (1954) sjølvbiografi
  • A wreath for Udomo (1956)
  • A night of their own (1965)
  • This island now (1966)
  • A new creation (1982)
  • A view from Coyaba (1985)

Kjelder endre