Peter Bendow
Peter Bendow er namnet den norske juristen, forfattaren og illustratøren David Dietrichs Svendsen Arnesen (fødd 4. august 1884 i Brunlanes, død 9. august 1959 i Oslo) tok i 1948 etter å ha brukt det som forfattarpseudonym i ei årrekke. Han brukte også av og til pseudonyma Hermann Munter og Bjørn Rafft.
Peter Bendow | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. august 1884 |
Død |
9. august 1959 (75 år) |
Yrke | skribent |
Peter Bendow budde i Lærdal frå 1895-1906 då faren Johan Ludvig vart prest der. Han skreiv som kriminalforfattar under dekknamnet Peter Bendow og endra altså seinare sitt eige namn til dette. Han blei cand. jur. i 1910, var rettsskrivar i Oslo lagdøme 1927-1936, i Eidsiva lagdøme 1936-1954.
Han skreiv fleire skodespel, mellom anna Kongens Ord i 1953 om lærdølane sitt opprør mot militærtenesta i 1802.
Han var også ein kjend amatøregyptolog og skreiv fleire bøker om emnet, mellom anna trilogien Pyramidetidens Egypt (1947), Stormaktstidens Egypt (1952) og Forfallets Egypt (1957). Til dei tre sistnemnde teikna Bendow også omslaget og vignettane som innleiar og avsluttar kapitla i bøkene. Boka Historisk lidenskap (1943) inneheld artiklar om såvel det gamle Egypt som frå Roma, middelaldersk romantikk, kong Christian II og dronning Elisabeth I.
Bendow skreiv også fleire historiar som vart publiserte i det populære norske tidsskriftet Magasinet For Alle, og han heldt radioføredrag. Boka Guder og templer (1956) inneheld utdjupande artiklar basert på radioføredrag om Egypt, med forfattaren sine teikningar og eigne fotografi frå Egypt. Han omsette også andre forfattarar sine bøker til norsk.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1926 – Miss Eves ørkeneventyr (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1927 – Lajlas store kup (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1928 – Det indiske skrin : en Oslo-roman (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1928 – Fakket (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1929 – Frøken Statsadvokat (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1931 – Hvad kan ikke hende en dame? (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1932 – Det spøker hos Heigaard (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1932 – Hands up! (Oslo: Hanche) I fulltekst ved nb.no
- 1932 – Hathorklubben (Oslo: Aschehoug)
- 1933 – Med egen inngang (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1934 – Det lakker mot jul : en fortelling fra gamle dager (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1934 – Kidnapped i Oslo (Oslo: Emil Mostue) [Under pseudonymet Hermann Munter]
- 1935 – Det var dengang da - (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1936 – Amor på middelhavstur (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1937 – Himmelen er skyfri : roman fra krigsutbruddet i 1914 (Oslo: Aschehoug)
- 1938 – Løse forhold (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1939 – Vi er alle hyklere (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1942 – Når enden er god - (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1943 – Historisk lidenskap (Oslo: Nasjonalforlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1943 – Omkring rettens skranke (Oslo: Nasjonalforlaget) I fulltekst ved nb.no [Med teikningar av forfattaren]
- 1946 – Kalle ordner opp (Oslo: Mortensen) I fulltekst ved nb.no
- 1947 – I hvit kittel (Oslo: Mortensen) I fulltekst ved nb.no [Under pseudonymet Bjørn Rafft]
- 1947 – Pyramidetidens Egypt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1948 – Kamerater (Oslo: Mortensen) I fulltekst ved nb.no
- 1950 – Til fortidens eventyrland (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Illustrert av forfattaren]
- 1951 – Lånte fjær (Oslo: Mortensen) I fulltekst ved nb.no
- 1952 – Stormaktstidens Egypt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1953 – Kongens ord : folkespel i 5 bilete (Oslo) I fulltekst ved nb.no [Skodespel i 5 akter. 4. akt i 2 bilete]
- 1956 – Guder og templer (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1957 – Forfallets Egypt (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1959 – Tombola på brudekjole : og andre muntre historier omkring rettens skranke (Oslo: Nasjonalforlaget) I fulltekst ved nb.no
Omsetjingar til andre språk - eit utval
endre- Med egen ingång (1935). Svensk utgave illustrert av Ludvig Johnson
- Pyramidetidens Ægypten (1949). Dansk utgave oversatt av Grethe Lundsgaard
Omsetjingar til norsk av andre forfattarar sine bøker - eit utval
endre- E. Phillips Oppenheim: Virginia griper inn (1933)
- W. N. Weech (redaktør): Verdens historie. I – II (1949)
- Vivi Laurent-Täckholm: Faraos blomster. En kulturhistorisk-botanisk skildring av livet i Det gamle Egypt bygd på virkeligheten og med bilder fra de siste års utgravninger (1953)
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Om Peter Bendow i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
- Gravminner i Norge