Peter Collett Solberg
Peter Collett Solberg (28. oktober 1866–10. desember 1934) var ein norsk politikar og næringsdrivar frå Skoger i Buskerud. Han var stortingsrepresentant frå 1898 til 1906 for det konservative partiet Høgre.
Peter Collett Solberg | |
Fødd | 28. oktober 1866 |
---|---|
Død | 10. desember 1934 (68 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, forretningsdrivande |
Far | Svend Solberg |
Solberg, som var son av Svend Solberg, vart cand.jur. i 1888. Han lærte elles språk og handel utanlands, i så vel Tyskland, som Frankrike og England. Han gifta seg med ei dotter av den rike trelasthandlaren Andreas F. Kiær og vart i 1890 tilsett i familiefirmaet And.H. Kiær & Co. i Fredrikstad. Saman med slektningar tileigna Solberg seg ei rad store skogeigedomar og mykje skogindustri i Noreg, Sverige og Russland. Frå 1890-åra bygde Solberg også opp Norsk Elektrisk Brown Boveri (NEBB) i hovudstaden, eit firma han var styreformann for til han døydde i Oslo.
Solberg var stortingsmann 1898-1906 frå Fredrikstad. Dei fyrste tre sesjonane på Tinget var han medlem i Sosialkomiteen, dei neste tre sesjonane sekretær i same komiteen. Sidan var han medlem i Jarnbanekomiteen 1903/4 og 1905/6. Elles var han bystyremedlem i Fredrikstad frå 1905 til 1907.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914