Svend Solberg
Svend Adolph Solberg (17. april 1831–3. mai 1890) var ein norsk forretningsdrivar og stortingsmann frå Drammen. Peter Collett Solberg var son hans.
Svend Solberg | |||
| |||
Fødd | 17. april 1831 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mai 1890 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Barn | Peter Collett Solberg | ||
Alle verv |
|
Svend Solberg var son til ein kjøpmann. Sjølv vart han student frå Drammens skule i 1848 og tok 1854-56 merkantil utdanning utanlands. På garden Kobbervik, som han overtok etter faren, dreiv han skipsreiarlag og tok del i styringa av fleire industriføretak. Han var 1865-85 medlem av bystyret i Drammen, ordførar 1874. Tida 1868-74 var han direktør i Drammens Privatbank.
Solberg var 2. representant for Drammen på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av Næringskomite nr 1, i 1882 også av Skattekomiteen og Traktatkomiteen. 1881-sesjonen var han permittert frå 16. mai.
Han døydde i Drammen i 1890.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914