Opna hovudmenyen

Peter Andreas Egge (1. april 186915. juli 1959) var ein norsk forfattar.

Peter Egge
Peter Egge - 1935.jpg
Fødd 1. april 1869
Trondheim
Død

15. juli 1959
Oslo

Yrke skribent, journalist
Born Ørnulf Egge

Foreldra til Peter Egge flytta til Trondheim frå Nord-Trøndelag, og faren, Olaus Egge, dreiv vognmannforretning i Dronningens gate. Peter var den nest eldste av ni sysken. Han byrja tidleg å skrive og verka i ein periode som journalist mellom anna i det radikale magasinet Den nye Tid og i Dagsposten. I 1891 debuterte han med romanen Almue (ei forteljing med same tittel hadde han fått prenta i bladet Fædrelandet i 1887). Knut Hamsun hjelpte Egge med å få i stand denne utgjevinga.

I 1897 gifta Egge seg med Anna Svendsen og flytta snart til Kristiania. Han budde aldri fast i heimfylket etter dette. Egge var aktiv i Den norske forfatterforening i lang tid, mellom anna som formann i perioden 1913-1916 og i 1935.

Peter Egge skreiv både kortare forteljingar og drama, men det er særleg romanane sine han er kjend for i dag. Fleire av desse har Trondheim eller Trøndelag som miljø og skodeplass, og flytting frå landsbygd til by er eit motiv som går att i ulike variantar.

I 1916 vart Egge tildelt Statens kunstnarløn. Han fekk Gyldendals legat i 1935.

I fødebyen Trondheim har Peter Egge fått både ein plass og ein veg oppkalla etter seg. Det finst dessutan ein Peter Egges vei i Bodø og ei Peter Egges gate i Steinkjer.


VerkEndra