Peter III av Russland

Peter III, fødd som Karl Peter Ulrich (fødd 21. februar 1728 i Kiel, død 17. juli 1762), var tsar av Russland i seks månader i 1762. Han var hertug av Schleswig-Holstein-Gottorp frå 1739 til 1762. Han høyrde til ei linje av fyrstehuset Oldenburg, og grunnla linja Romanov-Holstein-Gottorp.

Peter III av Russland

Tsar av Russland
Regjeringstid1762-1762
RussiskПётр III Федорович (Pjotr III Fjodorovitsj)
Fødd10. februar 1728
FødestadKiel
Død6. juli 1762
DødsstadRopsja
GravstadPeter- og Pauluskatedralen, Aleksandr Nevskij-klosteret, Aleksandr Nevskij lavra-bebudelseskirken
FøregangarElisabeth
EtterfølgjarKatarina II
Gift medKatarina II av Russland
DynastiHolsten-Gottorp-Romanov, Fyrstehuset Oldenburg
FarKarl Fredrik av Holstein-Gottorp
MorAnna Petrovna
BornPaul I av Russland, Anna Petrowna

Han var einaste son av hertug Karl Friedrich av Holstein-Gottorp og Anna Petrovna, ei dotter av Peter den Store. Ifølgje dei fleste historikarar var han mentalt umoden og svært pro-prøyssisk, noko som gjorde han til ein upopulær leiar. Han skal ha vorte myrda som følgje av eit komplott som var leidd av Aleksej Orlov, bror til elskaren til Katarina, Grigorij. Det er uklart i kva grad kona hans var direkte involvert i mordet. Kona hans etterfølgde han på trona som Katarina II.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.