Elisabet av Russland

(Omdirigert frå Elisabeth av Russland)

Elisabet av Russland (29. desember 17095. januar 1762) var tsarinne av Russland frå 1741 til 1762. Ho tok landet inn i den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) og sjuårskrigen (1756–1763). Like før ho døydde i 1762 omfatta Det russiske imperiet nesten 16 millionar kvadratkilometer.

Elisabet av Russland
Carle Vanloo, Portrait de l’impératrice Élisabeth Petrovna (1760).jpg
Tsarina
Regjeringstid6. desember 1741-5. januar 1762
Kroning6. mars 1742
Fødd29. desember 1709
FødestadKolomenskoje
Død5. januar 1762
DødsstadSt. Petersburg
GravstadPeter- og Pauluskatedralen
FøregangarIvan IV
EtterfølgjarPeter III
GemalAleksej Razumovskij
Gift medAleksej Razumovskij
DynastiRomanov
FarPeter I
MorKatarina I

Innanrikspolitikken hennar tillét adelen å få større innverknad i dei lokale styra, medan ho korta inn tenestetida deira i staten. Ho oppfordra Lomonosov til å grunnleggje Universitetet i Moskva og Sjuvalov til å grunnleggje Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg. Ho brukte òg enorme summar på grandiose barokkbyggverk av favorittarkitekten hennar, Bartolomeo Rastrelli, særleg i Peterhof og Tsarskoje Selo. Vinterpalasset og Smolnyjkatedralen er dei største monumenta etter henne i St. Petersburg. Generelt var ho ein av dei høgast verdsette russiske monarkane, på grunn av dei mange byggverka ho stod bak, fordi ho stod imot prøyssisk politikk og ho sørgde for at ikkje ein einaste person vart avretta under regjeringstida hennar.[1]

Elisabet var den nest eldste dottera til Peter den store og Katarina I. Ho levde gjennom den urolege tida etter at halvbroren hennar, tronarvingen Aleksej, var blitt fengsla og straffa og så døydde i 1718. Då faren døydde gjekk trona fyrst til mora Katarina og så til den unge nevøen hennar Peter II, som døydde i 1730. Han blei etterfølgd av kusina til Elisabet, Anna. Etter den korte regjeringstida til Anna sin grandnevø, den unge Ivan VI, tok Elisabet trona med støtte frå militæret og utrope sin eigen nevø, den framtidige Peter III, til arving.

KjelderEndra

  1. Russian Tsars av Boris Antonov, s. 105.
  Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.