Peter Jonas Collett

norsk jurist og politikar

Peter Jonas Collett (12. september 18131. desember 1851) var ein norsk jurist, litteraturkritikar, professor og politikar. Han Var ektemannen til Camilla Collett, og hjelpte henne ta fatt som forfattar.

Peter Jonas Collett

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1813
Lier
Død

1. desember 1851 (38 år)

Yrke professor
Far Johan Collett
Ektefelle Camilla Collett

Peter Collett var fødd i Huseby i Lier. Han var son av amtmannen Johan Collett (1775–1827) og kona Christiane Birgitte de Stockfleth (1782–1829), og tilhøyrde den norske slekta Collett. I 1841 gifta Collett seg med Camilla Wergeland. Paret fekk fire søner, mellom dei Robert Collett, som blei professor i zoologi, og historikaren og genealogen Alf Collett.

Peter Jonas Collett blei utnemnd til professor i lovkunne ved Universitetet i Christiania i 1848. Forelæsninger over Familieretten frå 1859 er den eldste systematiske framstillinga i Noreg om familierett. Forelæsninger over Personretten kom ut i 1865–66 i 2 band.

Collett hadde også sterke litterære interesser. Han tilhøyrde Intelligenspartiet og var ein sentral støttespelar for Johan Sebastian Welhaven. I tida 1837-40 skreiv han ei rekkje bidrag til Den Constitutionelle. Då han reiste rundt i Europa i 1839–40 skreiv han Skizzer som «La bella Italia» og «Julies Grav i Verona». Collett verka også som norsk korrespondent til det danske skandinavistiske tidsskriftet Brage og Idun (1839–41) og avisa Fædrelandet (1847–51).

Peter Jonas Collett døydde av lungebetennelse berre 38 år gammal.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre